|
Av jord ... |
||
|
|
Av jord er du komen Or jord livnar alt Den var, er og kjem Ein ring utan byrjing Ein ring utan ende |
I den mjuke jord ein skog slær rot Ei kjempe flott blir hus, ei anna slott Den siste smuldrar bort |
|
Svart ligg ho der Somme stader raud Ikkje vakker, heller stygg Men utan den ligg verda daud. |
Alle vaks dei fram Alle fall dei ned I jordas mørke djup Vil vi alle finne fred |
|
|
I den svarte mold ei spire grøn kjem fram Eit lite frø veks til eit aks med tjuge fold Mot svolt, naud og skam blir brød eit varleg skjold |
Sol, vatn, jord Eit lite frø, og det nye livet gror Det som døydde vart det nye livets mor |
|
|
Jorda si mogne grøde blir borna si rike føde Av jord får dei sitt Både store og små Og dyr som spring fritt
|
So har kan hende alt ei meining som kan sorg til lukke vende Som ei hand med ring Når den kjærleg stryk deg over kinn
|
|
| Last ned som mp3 |
Tekst: Terje Marøy Lesning: Lise Granden Berg Komposisjon, cello og effekter: Jan Ragnar Storheim
|
|